Gåta verda aldri får svar på

Gåta verda aldri får svar på

 

Likkledet i Torino er det fremste relikviet i den kristne kulturen. Nå skal det igjen stilles ut for publikum. Men spørsmåla er framleis mange.

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
30.03.2010 kl 01:11

Skrevet av Gunnar Myklebust, gunnar.myklebust@nrk.no.
Publisert på nrk.no 27.3.10.
Gjengitt med tillatelse.

Er det? Eller er det ikkje?

Eit spørsmål som verken dei truande eller skeptikarane eigentleg vil ha endeleg svar på.

Mystikken rundt det er nok. Om kledet har svøpa Jesu lik eller ein annan kropp, eller om det er tidenes kunstsvindel - det vil vi gjerne få lov til å fortsette å fabulere over.
Børs og katedral

Nå skal det hentast fram igjen, til spenning og glede for kanskje tre-fire millionar truande som skeptikarar, i ein halvannan månad etter påske i katedralen i Torino.

Vanlegvis ligg det dyrbare klenodiet - La Sindone, som italienarane kallar det - gøymt bort på tryggaste vis i silke og sølvskrin og blir bare stilt til skue i den nord-italienske byen noen korte veker kvart 25. år.

Denne gongen har det gått bare 10 år sidan sist. Denne gongen er likkledet blitt offer både for den økonomiske krisa og ein forfengeleg erkebiskop som så gjerne vil bli hugsa og bokstaveleg talt vil bruke det heilage relikviet som bakteppe når han nå går av scenen for å bli anonym pensjonist.

  • Likkledet i Torino
  • Skeptikaranes teorier

Nå skal altså likkledet sikre ettermælet til erkebiskopen i Torino og rette opp økonomien i ein ekstra hardt ramma industriby. Fordi tre-fire millionar besøkande fort legg igjen fem-seks milliardar kroner når dei først kjem til Torino.

Sjølve titten er gratis, folk skal slusast i langsamtgåande kø forbi den klimakontrollerte glasskassa der kledet ligg folda ut.

Men det blir pengar på den katolske kyrkja også - når køa slynger seg vidare gjennom bokhandel og souvenirbutikk, og det blir sett opp ni ekstra skriftestolar for å ta unna det antatt aukande behovet for syndsforlatelse.
Avtrykk av eit lik

Derfor altså likkledet i Torino, kjent sidan tida rundt Svartedauden, da ein fransk korsfarar påstod at han hadde funne det i Jerusalem.

Alt på 1400-talet kom det i adelsfamilien Savoys og dermed etter kvart det italienske kongehusets eige.

Sett på som ein heilagdom, men ikkje behandla deretter. Dei kongelege pynta seg med det, let det henge ut i ver og vind og hadde naturlegvis ingen kunnskap om klimakontroll og lysømfintlege tekstilar.

Men sensasjonen kom først da ein fotograf fekk lov til å ta bilde av tøystykket i 1898, og den framkalla negativen viste avtrykket av eit menneskelik - bakfrå og forfrå. Det måtte vere den døde Jesus etter korsfestinga.
Spor av rennande blod

La gå at trekka var meir europeiske enn midtaustenske. La gå at mannspersonen var langt høgare enn det vanlege i datidas Palestina. Det måtte vere Jesus. Eit slikt avtrykk måtte vere guddommeleg.

Dessutan var det tydelege avtrykk av sår i handleddet. Dei korsfesta blei nagla gjennom handleddet, ikkje gjennom handflata, for å holde kroppen oppe.

Det var blodige sår i sida på kroppen - ganske sikkert etter ein romersk lanse. Og det var spor etter rennande blod, i ein vinkel som tilsa at denne kroppen hadde hengt på eit kors.

Lenge var likkledet heva over alt behov for vitskapleg testing.
Frå middelalderen

Men den moderne tida innhenta også attraksjonen i Torino. Så i 1988 tillet Vatikanet at tre ulike forskargrupper - i USA, Sveits og Storbritannia - fekk kvar sin ørliten bit av tøystykket for å bestemme alderen på det.

  • Høyr: Om likkledet i Mellom himmel og jord

Dei kom, uavhengig av kvarandre, alle til at kledet var laga på 1200- eller 1300-talet. Mest nærliggande, meinte forskarane, er likkledet ein svindel frå middelalderen.

I så fall ufatteleg dyktig utført. For her er det spor både etter ein brekt nase og hovne kinn. Men altså ikkje 2000 år gammalt.

Men det er alltid muleg å hoste opp ny ekspertise, og for ti år sidan opplyste ein botanikar frå det hebraiske universitetet i Jerusalem at han hadde funne restar etter plantar som bare fantest i datidas Palestina.

Deretter kom ein velrenommert amerikansk kjemikar og hevda at tøyrestane som forskarane i 1988 hadde granska, var frå lappinga av kledet etter ein brann i middelalderen.

Og at det opprinnelege stoffet var mye eldre, kanskje 3000 år gammalt. Altså muleg brukt i Jesu tid.

Ikkje nok med det, Vatikanets eigen historikar kunne i fjor legge fram nye forskingsresultat. Som viser ein oppsiktsvekkande tekst i tøyet, skrive for meir enn 1800 år sidan, på arameisk - altså språket som blei brukt i Palestina på Jesu tid. Der teksten viser til Jesus frå Nasaret, dødsdømt av ein romersk dommar, tatt ned frå korset for å bli gravlagt.

I så fall, gjenstår framleis spørsmålet om korleis ein død kropp kan sette av eit så varig merke på eit tøystykke.

Noen har svar på det også: At gjenoppståinga til Jesus skjedde ved ein kjernefysisk reaksjon, der den utløyste energien sette avtrykka.http://www.forskning.no/artikler/2004/april/1082139123.21

Der står vi, og kan ikkje anna, for å holde oss til han som braut med Vatikanet.

Artikkelen finnes originalpublisert her.
Her finner du også flere bilder.

Du finner mer om likkledet på wiki, hedning, bandoli og katolsk og på forskning.no.

Siste nytt i Katolsk

Den katolske kirke rir igjen

Den katolske kirke legger til rette for for at overgrep mot barn skal kunne utføres og skjules ved at den krever at katolske prester skal leve i sølibat, samt at overgrep ikke skal meldes direkte til politiet, men til Vatikanet. Nå er det kommet avsløringer om at flere katolske menigheter i USA skal...

Pave Frans ber den ka­tols­ke kirke om å trap­pe opp dia­lo­gen med isla­mis­ter og ate­is­ter.

De mest hysteriske konstellasjoner finner sted, bare saken er viktig nok!

 
Rapport: Moder Teresas godhed er en myte

Dette har vi visst lenge, Hitchens påviste det for mange år siden. Men nå kommer rapporten fra en studie som beviser det til fulle.

Hva gjør man med en pensjonert pave? Det kan ligge an til autoritetskonflikt i Vatikanet, skriver Øyvind Norderval, teologiprofessor ved Universitetet i Oslo.

Ber ny pave revurdere sølibatet

Oslos katolske biskop Bernt Eidsvig etterlyser gifte prester og mener den nye paven bør revurdere pliktsølibatet.

AnnonseAnnonse