Litt statistikk

Fleire i kristne trussamfunn

Tekst:

Publisert:

Hedningsamfunnet
Hedningsamfunnet

Trus- og livssynssamfunn som får statstilskot, og som er utanfor Den norske kyrkja, hadde 449 900 medlemmer per 1. januar 2010. Det er ein auke på 4 prosent frå året før, eller 18 600 medlemmer. Det har vore størst vekst blant dei kristne trussamfunna.

Av dei 4 858 200 personane som var busette i Noreg 1. januar 2010, var 449 900, eller 9,3 prosent, medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja. Veksten i medlemmer med statstilskot er litt lågare enn førre året. Nokre nye samfunn har kome til i statistikken for 2010, medan andre samfunn som har vore med tidlegare, ikkje er representerte i år.

Over halvparten er medlemmer i kristne trussamfunn

Dei kristne trussamfunna utanfor Den norske kyrkja har 246 000 medlemmer, eller 55 prosent, av alle medlemmene i trus- og livssynssamfunn som får statstilskot. Dei kristne trussamfunna har hatt størst vekst i talet på medlemmer, ein vekst på 11 000, eller om lag 5 prosent. Dei største kristne trussamfunna eller trusretningane er Den romersk-katolske kyrkja, med nær 67 000 medlemmer, og menigheiter innanfor pinserørsla, med om lag 40 000 medlemmer. Talet på medlemmer i Den romersk-katolske kyrkja har auka med 9 600, eller 17 prosent. Pinserørsla har òg hatt ein svak auke i talet på medlemmer siste året.

Ein av fem i livssynssamfunn

Livssynssamfunna utgjer 18 prosent av medlemmene i trus- og livssynssamfunna. Human-Etisk Forbund har 99 prosent av alle medlemmene i livssynssamfunna, med sine 81 800 medlemmer. Livssynssamfunna har hatt ein auke i talet på medlemmer, med 2,2 prosent, eller 1 770 medlemmer.

22 prosent, eller 90 000, av medlemmene i trus- og livssynssamfunn er medlemmer i islamske trussamfunn. Buddhisme, hinduisme og sikhisme utgjer høvesvis 3, 1,2 og 0,2 prosent per 1. januar 2010. Buddhistiske trussamfunn har hatt størst prosentvis auke, om lag 9 prosent.

Flest nye medlemmer i Oslo

Det har vore ein vekst i talet på medlemmer i alle delar av landet. Oslo er fylket der flest står utanfor Den norske kyrkja. I hovudstaden er 108 700, eller 19 prosent, av folkemengda medlemmer i eit trus- eller livssynssamfunn, og om lag ein fjerdedel av alle medlemmene i trus- og livssynssamfunn er busette her. Blant dei som er busette i Oslo, har dei islamske samfunna nærare 44 600 medlemmer, og kristne trussamfunn om lag 40 200 medlemmer. Oslo hadde òg den største auken i talet på medlemmer frå 1. januar 2009, med 3 400, eller 3,2 prosent. Dei islamske samfunna hadde største auken med om lag 2 000 medlemmer. 36 prosent av alle medlemmene i trus- og livssynssamfunn bur i Oslo og Akershus.

Her er saken.

Nøkkelord

Siste nytt i Hjemme

Sharam Shayganis innlegg ifm årsmøtet

Sharam Shaygani og Shakeel var invitert til å snakke om islam og religionskritikk forut for årsmøtet. Her er Shayganis innlegg.

Åpent møte om Islam og religionskritikk

Åpent møte i Litteraturhuset i Oslo lørdag 2. desember kl. 15:30

Årsmøte

Etter det åpne møtet, ca kl 17:00 (2.12.17), er du velkommen til Hedningsamfunnets 44. årsmøte. I kjelleren på Litteraturhuset i Oslo, altså.

 
Luther - jubileum

Det er i år 500 år siden reformasjonen, og det har forsåvidt blitt feiret gjennom hele året, men DnKs store kveld var 31.10, på sjølve årsdagen. I den anledning måtte også HS markere.

Luthers lille brune

Ronnie Johanson har samlet mange "gode" sitater, fra hhv Gud, Allah og Luther, i sine "små brune". Den siste kommer godt til rette i disse dager.

Forbud mot ansiktsdekkende plagg i undervisningssammenheng

Departementets ønske: − et åpent samfunn der alle kan se ansiktene til hverandre. − det norske samfunnet aksepterer ikke en praksis som kan begrense kvinners frihet til å delta på lik linje med menn i samfunnet, og som i mange tilfeller kan føre til isolasjon og at kvinnene holder se...