Rumpe i burka

Rumpe i burka

 

Medan sosiale medium er fulle av meldingar frå kampklare kvinner i Midtausten, har UiB støtta muslimsk kvinneundertrykking i eige hus.

BILETET AV den svenske kunstnaren Margareta Bergman var kjøpt inn av UiB for å hengje i lokala til Bergen ressurssenter for internasjonal utvikling ved Christian Michelsens Institutt (CMI). Den bare huda skal ha blitt for sterk kost for nokre muslimar på besøk. Dei klaga til leiinga, som gav dei medhald, flytta biletet til ein mindre sjenerande stad og kallar det ei ikkje-sak.

Administrasjonssjef ved senteret, Kirsti Hagen Andersen, hevdar at flyttinga var fornuftig. Fornuftig for kven? Nokre krev at jenteelevar skal ha separat symjeundervisning, andre forlangar kvinnelege fødselslegar. Musikklærarar vel å gi den muslimske jenta songundervisning åleine sidan far nektar jenta å synge saman med resten av klassen. Ei kunst- og handverklærar får tilsnakk frå morsmålslæraren fordi ho har gitt klassen i lekse å teikne Edvard Munchs Madonna. Ho er jo naken.

FELLESTREKKET i desse forteljingane er ikkje krenking av religiøse symbol. Det er ikkje kors i urin, eller Muhammed teikna som hund, men eit syn på kvinner som sjukehuslegar, lærarar – og no altså Universitetet i Bergen – godtek for å sleppe sure miner. Frykt for muslimske reaksjonar har ført til sensur av kunstuttrykk overalt i Europa.

Det er dette selskapet universitetet – vitskapens høgborg – no har meldt seg inn i.

Hele kronikken finner du her.

Nøkkelord

Siste nytt i Hjemme

Lavmål fra NRK

Når NRK presenterer en quiz, forventer man seriøsitet, på alle nivå. Desto mer overraskende, at de bommer på samtlige nivå, både rene enkle fakta og litt mer komplekse saker.

Åpent brev til Laial Ayoub som svar på hennes påstand i Utrop i går om at rasisme mot muslimer er et voksende problem

Orkide og kaktus

Vi har delt ut ros og ris igjen.

 
Ronnie Johanson anmelder bok

Ateisten Bjørn Stærk har nylig kommet med ei bok - Å sette verden i brann - som det har vært litt blest om

En mor fortalte meg om en hendelse som skjedde på en barneskole på Østlandet tidligere i høst. Min første og andre tanke var at det som skjedde er en fillesak. Men etterhvert ble jeg mer og mer opprørt jo mer jeg tenkte på det.

Lars Gule vil ha religionsundervisningen ut av skolen. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) mener slik undervisning bør være selvsagt.

AnnonseAnnonse